Det vart flagga på Borg idag. 115 nye elevar inntok internat, klasserom, matsal og korridorar. Personalet hadde travelt med å dele ut boarding-kort til alle nye reisande.
Når alle var introduserte for klassa si og installerte på rom og i koffertrom, vanka det middag på både elvar og familie, før festen tok til.
Denne fyrste festen fekk elevane vere stort sett tilskodarar. Lærarar tok tak i spakane, mikrofonane og tangentane. Men til slutt lurte vi heile elevflokken fram på scena, og før dei visste ordet av det, var dei blitt det nye Borg-elevkoret.
Lesernes kommentarer