Den som ikkje kan bibelhistoria si, har opplagt eit handicap her i Gallilea.
Greitt å vite at det var i Nasaret Jesus voks opp, at han hadde omgang med fiskarar på Gennesaretsjøen, traska fram og tilbake til Kapernaum, gjorde brød-under ved Tabga, heldt Bergpreika der i nærleiken og sleit med å få Peter og dei andre apostlane på plass.
For det same har vi gjort idag. No går alt raskare med buss, så vi farta rundt på ein dag det dei brukte eit par år på.
Om dei bada i Gennesaretsjøen, veit vi ikkje sikkert, men vi gjorde det i alle fall. Dei budde heilt sikkert ikkje på hotell i Tiberias, som oss. Og dei måtte nok stå meir for matlaginga si enn det vi har gjort. Så livet er blitt meir effektivt og lettvint – og komplisert. Men kven var mest lykkelege – vi eller dei?
Lesernes kommentarer