er det mest uunnværlege for oss. Vi kan leve i vekevis utan mat, men berre tre dagar utan vatn, har vi høyrt. I dette landet vert vi stadig minte på å spare vatn. 70% av det får dei frå grunnboring. Idag har vi opplevd mangfaldig kor viktig vatn er.
På innsjøen Kinneret (Gennesaretsjøen) reiste vi med fiskarane sin båt. I oasen Sakne bada vi i det reinaste kjeldevatn, som i Paradis. Ved Jordanelva såg vi korleis pilegrimane let seg døype i same vatnet Jesus vart døypt i av Døyparen Johannes. Og Jeriko er verdens eldste by, 10 000 år samanhengande historie, bygd opp pga ein oase i øydemarka.
Storparten av jorda er vatn, og mesteparten av menneskroppen også. Menneskeborna brukar dei 9 fyrste månadane av livet i vatn. Der det er mangel på vatn, har det ofte blitt krig. Der det er for mykje, spreier det også øydeleggjing og død. Best å halde seg til vens med vatnet.
Det var derfor Jesus gav oss dåpen, så vi kunne bli fødde på nytt til det evige livet.
Lesernes kommentarer