Beduin-kulturen er truga av moderne sivilisasjon. Av dei snart 200 000 beduinar i Israel, lever 80% idag i byar. Men utover heile Negev-øydemarka som vi drog igjennom, bur stadig familiar og stammer i teltleirar. Born går til skulebussen kvar morgon, og heimelivet er utan straum og innlagt vatn.
Ein liten smak på det harde livet i øydemarka mellom kamelar, esel, geiter og stein fekk vi sist natt. Overnatting i beduintelt er ikkje direkte behageleg, men eksotisk. Somme sov litt. Somme var tidleg oppe og betrakta soloppgangen. Somme tok morgonjoggeturen i øydemarka. Alle fekk møte beduinar og ri kamelar. Mange hylte både når kamelen reiste seg opp og når han la seg ned att. Andre meinte dei var blitt mellombels impotente av erfaringa.
Om kvelden var det stemningsfull samling rundt bålet i leiren.
Og kuuult var det.
Lesernes kommentarer