I hundrevis av år har Jerusalem stimulert den religiøse fantasien til både jødar, kristne og muslimar. Byen avspeglar det himmelske Jerusalem, og kvar gong han har reist seg av oska og ruinane og synt seg i all sin glans, har dei truande fått ny tru på at dei ein gong skal vandre på gater av gull.
Idag sag vi kuppelen på Klippedomen skine med sine 80 kg gull. Og vi såg Golden Gate som skal opnast fyrst når Messias kjem.
Vi vandra i Getsemane hagen der Jesu tårer draup til marka. Vi opplevde menneskemylderet på Via Dolorosa og i Gravkyrkja. Og vi bad ved Klagemuren.
Ein innhaldsrik dag i «Jerusalem of Gold».
Medan ei gruppe på 11 tok ein ekstra dag i Betlehem og fekk oppleve den grå Vestbreidda sin kultur. Varm, venleg, velsmakande og gjestfri. Ein god stad for Frelsaren å bli fødd!
Lesernes kommentarer