Vi har halde fram vandringa gjennom påske-hendingane i Jerusalem: Jesu krossfesting på Golgata, grava i hagen og Peters tre fornektingar. Men etter vandring gjennom Gordons Golgata og Hanegal-kyrkja, var det fridag.
Jerusalem stod i securitas-tenesta sitt teikn idag. Etter attentatet som drap ein baby for to dagar sidan, var det stort nærver av ekstra politi-og militær-styrkar på alle gatehjørne, og mange stengde gater. Det var ikkje aktuelt å ta nokon sjans i samband med fredagsbøna og sabbatsfeiginga i ettermiddag. Men vi både handla, slappa av på fortauscafear og såg oss rundt.
Og imorgon tidleg er det ‘goodbye’ for denne gongen. Heim til regn- og sluddbygene, og til Borg-kvardagen. Men vi har mykje verdifullt i bagasjen som ikkje var der for to veker sidan. Og om security på flyplassen slepp oss gjennom og det italienske flyselskapet stiller som dei har lovt, skal vi lande i Ålesund laurdagskvelden.
Lesernes kommentarer