1564 er ikkje eit postnummer på Austlandet. Det er faktisk eit postnummer i København vest, men for litt erfarne fjellfolk på Sunnmøre er det einsbetydande med Slogen. For mange den mest majestetiske tinden i Sunnmørsalpane. Ikkje berre eit fjell altså, men ein tind. Som forskjellen på ein ås og eit fjell. 1564 meter nokså rett opp frå Urkefjorden, der historiske hotell Union var base for fjellpionerar alt for 100 år sidan. I nyare tid er Urkefjorden og Hjørundfjorden og blitt kjent som «Geirangerfjorden», iallfall i fjorårets norske kinosuksess «Bølgen».
Og hit har vi altså funne det verdifullt å reise med eit kobbel elevar på Borg, i omlag 10 år. Til Patchellhytta har vi rusla med over 80 stk, i år berre rundt 50.
Matpakke bør vere ferskvare. Nydekorert brød gjer ein stopp i regnet til ein liten fest.
Stor fest faktisk –
To the Slogen and beyond. Iallfall i morgon. Håkon poserer til middels fascinasjon frå stippekollega Ådne. Ved Nysætervatnet er ein matbit kjærkommen, mellom blåbærtuer og sau.
Nokon hugsar læra om å tygge 32 gonger før ein svel maten. Eller var det 28? Det må iallfall etast niste før den regnar ned. Og dokumenterast. Linn er slett ikkje sur, berre kjenner etter smaken på siste skiva.
Vi peikar og forklarer – halvvegs opp Habostaddalen opp frå Grandiosafabrikken på Stranda er det mykje å sjå. Elevane ser lett forundra opp blankskurte fjellsider som forsvinn opp i skodda. Brear heng nedover. Tynne solstrålar sveipar over det grønne vatnet akkompagnert av eit kollektivt «Ååhh»!! i det varmen akkurat strålar gjennom våt GoreTex.
Det er mykje å sjå før vi i det heile når fram til Patchellhytta. Bussturen over Strandafjellet frå Sykkylven er ei oppleving i seg sjølv, og ein fergetur på Storfjorden kan gjerne bli ein liten fest når ein heng i glaset og ser skyene ligge rundt fjella.
Men det er unekteleg ein luksus å stige inn i gangen på 800 moh til koselege stover, 65 sengeplassar kjøkken og nybygd utedo i det eg sender elevane inn i gangen med formaningar om skodisiplin og broderleg fordeling av golvplass og madrassplass. Charles Watson Patchell sette i gong noko stort då han i 1927 iverksette bygginga av den første steinbua, 50 meter frå dagens flotte anlegg.
Magnhild gjer leksa. Kartlesing er ein dyd i fjellheimen.
Utstilling av Tallerkenboksar går hand i hand med Uno.
Å svare heilt feil på Håkon sin uhøgtidelege quiz fell tungt for enkelte. Det går nye tog, kan vi trøste med.
Baktroppa rykker inn på tunet tidleg på kvelden. Kristin har fleksa til kabalen heime og kom seg ut på jobb i regnet. Regnblaut men blid!
Hyttekos og spørrebok er synonymt. Skjulte talent kjem fram rundt eit velbrukt furubord. Vi kan ane at det er ein samanheng mellom dei nye lenestolane i stova og den lokale møbelindustrien, på ein eller annan måte.. Håkon vurderer om svaret ute frå venstre er godkjent.
Ullsokkar, mobil uten dekning, kaffikopp, fyrstikker, gamle vekeblad, god stemning og ulltrøyer. Stikkord for hytteliv.
Kristin sørgar for ein selfie som fint oppsummerer kveldens lærarrom. Morgondagen blir planlagt, og kveldssamlinga. Kjeks, kaffi og te går unna, og Knut Ståle mimrer med fjorårsstipendiat Trym. Ottar vart ikkje informert om fotoplanane til Kristin.
I år sit vi litt spent med vermeldinga, som seier det skal bli 20 sekundmeter vind på fjellet og fare for lyn på tidleg ettermiddag. Løysinga blir alpint attakk – vekking klokka 06 blir stemt fram. Opp og avgarde før nedbør, lyn og vind gjer det utriveleg å opphalde seg på ein tind. Ingen elevar vågar å protestere..
Kveldssamlinga fyller kvart ledig armlen og fang i gamlestova, og vi går gjennom planen for toppturen morgonen etter. Kollega Per tek oss gjennom litt av historia til Turistforeninga, som er eigar av hytta og eit unikt privilegium for alle fjellfolk. Han harogså lest seg opp på historia om dei engelske fjellpionerane som for 100 år sidan blei dei første på fleire toppar på Sunnmøre. Som Patchell, og legendariske Slingsby.
Natt. Det pip i ventilar og halvåpne vindauge av den friske vinden. Klokka 06 er natta slutt og 15 liter kokt vatn skal bli til havregraut.
Den lange rekka i friske fargar er ute av huset klokka 08.10. Fotostoppen når vi etter berre ein halvtime.
Klar for 700 høgdemeter med lett klyving som dessert.
Over den første ryggen, kjent som puklane
Positivt miljø under matpausen.
Norangsdalen for våre føtter
Litt vindfullt i periodar, når alle 20 sekundmetrane kjem på ein gong.
Jakta på andre sida av dalen stikk hovudet opp i skyene
Vårt årlege møte med høgskulen i Volda sine friluftslivstudentar vart eit ovanifrå og ned- møte. Andre år har det vore omvendt.
Klem og kos som fortjent, ein forkjøla Ådne blei ikkje spesielt mykje friskare av dagens tur..
Aldri ein tur utan posering
Dagens friskaste innspel. Slikt som studentane på høgskulen ikkje driv med trur vi. Rådet om klesskift på toppen er teke til eit nytt nivå!
Snikmobilbruk med etterlengta 4g dekning frå Telenor. Snap til ho mor kanskje? Trym bortforklarte seg med at «mor spurte om det gjekk bra» 🙂
Bygda Urke, der Geiranger landhandel på merkeleg vis havna i filmen Bølgen.
Tett i tett på kveldssamling
Bra Magnhild!
Vi konkluderer absolutt med vel gjennomført tur. Tindelivet har fått nye ambassadørar, og ingen tok til tårene. Rett nok kom det ein nordlending krypande til toppen, men nordlendengen gret ikjke – høgdeskrekken kom ut på andre vis. Alle fekk maten sin, frå eit dampande, velbrukt kjøkken der lærrbordet var ei evig badstue. Vi fekk bytta gassbeholdaren når pastasausen sto på spel, og fekk vaska ulltrøyene når vi sprang til vannposten ute mens regnet dreiv vassrett forbi. Dei tre vedovnane gjorde inneklimaet til sommarklima, og med Lars Johan sine lister med navn var det aldri mangel på folk som skulle lage mat, vaske opp og vaske ned.
Ungdomen no til dags. Her er mykje foreldre som slett ikkje treng frykte for omdømmet sitt. Måtte det fortsette utover hausten, når nye, svidde kjelar, våte lavvoar og tunge bører skal ordnast opp i!
Lesernes kommentarer