Ein haustdag i september sette vi oss på bussen, klare for ei reise gjennom noko av det mest spektakulære vi har å by på her på Nordvestlandet. På menyen stod mellom anna sagnomsuste fjordar, smale vegar, ein smeltande isbré, den vakraste stranda i landet, eit spøkelseshotell, pilegrimsvandring på ei klosterøy og kontakt med firbeinte vener. For ikkje å snakke om ein haug med sveler og ferger. I dagar med sol og dagar med regn var det plass til mange inntrykk, men også kos og leik og ord til ettertanke i kveldsskumringa.
Vel heime venta nye dagar med valfag og fellesfag. Og no, på terskelen til haustferien, ligg kjensla av at den store reisa berre såvidt har starta, -sjølve folkehøgskulereisa. Takk for turen så langt!
Under kan du sjå nokre av bileta frå Vestlandsturen 2018.
Lesernes kommentarer