Skrive av Silje S, Anette og Elisabeth
I dag var dagen for adrenalinkick, blod, svette, glede, skrik og tårer. Ein ganske spent gjeng skulle endelig til Action Valley for å utfordre høgdeskrekken og pushe nye grenser. Først ut var strikkhopparane, og det var imponerande korleis alle tok utfordringa på strak arm og hoppe utan å nøle. Frøya, Mari, Silje S, Hanna, Silje H, Nora, Tora, Aurora og Einar var dagens strikkhopparar. Me kunne også velje ein anna type ekstremsport i Action Vally, nemleg Slingshot eller katapult. Der vart me skotne 130 meter opp i lufta på 3 sekund (!!), for ein følelse! Dei overlevande her var Tora, Nora, Elisabeth, Aurora, Einar, Anders, Hanna og Frøya.
Det var også mogeleg å teste klatreveggen eller spele paintball. Det var ein gjeng på åtte stk som tok seg ein runde med dette. Nokre merker, sår og mykje svette vart resultatet, men det falt i smak hos alle. Sjølv om ein, Ludvik, var så utaktisk smart å bruke alle kulene på de første fem minuttene i lause lufta. Til tross for dette vant laget hans, beståande av Elisabeth, Nora, og Cassandra.
Nokre valde også å holde seg på bakken som gressvarmarar og hundepassarar, medan dei fekk nyte synet av gale mennesker som kasta seg ut frå eit bur i himmelen 122m over bakken.
Resten av dagen har me hatt fri og den er blitt brukt på avslapping, shopping, cafebesøk, frisørbesøk til 30kr(!!) og nyting av siste dag i Cusco.
I kveld nyter me ein fantastisk middag på ein finare restaurant, før ferda går vidare til dansegulvet i Peru. Me er nemleg invitert av en tvilsom (men nokså hyggelig) peruaner på dans i kveld/natt, før me i morgon tidleg tek flyet til Amasonasjungelen.