Siste USA-dagen tok oss til The United States Air Force Academy som held til i Colorado Springs. Marine-akademiet i Annapolis, Maryland, og army-akademiet i staten New York konkurrerer konstant om å vere best. Og Air Force ligg ofte godt an.
Eit kjempeområde her, med fire-felts veg, alle slags idrettsbaner (frå football til fotball), eige visitor center og eiga kyrkje for alle slag religionar.
Kyrkja står forresten som symbol for veldig mange amerikanske verdiar. Kjempehøgt under taket. Protestant-kapellet øvst tek heile øvste etasjen. I underetasjen deler katolikkane, jødane og buddhistane plassen seg imellom. Og langt nedi mørke-kjellaren finst eit lite moské-krypinn.
Feltprest-assistenten, som sjølv er katolikk, fortalte villig om dette som symbol på toleranse og posisjonering mellom retningane. Men kanskje skulle protestantane og katolikkane ha bytt plass, meinte han. For etter at gudsteneste vart friviljug mellom kadettane, er det blitt romsleg i protestant-benkeradene medan katolikkane sit som sild i tønne.
Kanskje kan det bli ei ordning, likevel. For så snart finansieringa er på plass, skal heile bygget restaurerast for 700 millionar dollar. (Etter dagens kurs godt over 5,6 milliardar statskyrkjekroner).