Missouri river, 2540 miles, lengste elv i USA, har git namn til staten Missouri. Der starta USA-klassa turen sin dette året. Etter 13 timar ombord på fly over Atlanteren, over Grønland og det amerikanske kontinent, brukte vi heile formiddagen på 139th Airlift Wing, Missouri Air National Guard. Her skal ein vere «always ready, ever willing». Herifrå flyg Herkules-fly til alle kantar av verda med forsyningar av alle slag. Då snakkar vi om St Joseph, Missouri, og ein base med 12.000 tilsette.
Og vi snakkar om guiding gjennom heile flybasen med flytårn-simulator, brannstasjon, opplæringsavdeling, MP-avdeling, utstyrslager og flygarasje. Eit høgdepunkt var omvisinga på Herkules-fly C 130. Interesserte kan finne spanande stoff her:
Resten av dagen gjekk med til CSI-arbeid. Som gjestar på Law Enforcement Center fekk vi grundig innføring i alt slag CSI-arbeid som vert gjort både i byen og i fylket.