Kva er best, bøffelburger på eit ‘haunted hotel’ eller bøffel lys levande på prærien?
Meiningane er delte i USA-klassa. Men idag har vi i alle fall testa begge deler.
På St James hotell i Cimarron går både slåsskjemper, cowboys og gledesjenter igjen den dag idag. Dei har ikkje fått fred i si sjel og heimsøkjer dette staselege hotellet som rettnok hadde si storhetstid på 1800-talet. I andre etasje fekk vi vist kvar både kjendisar og spøkelse frå den tida hadde og har tilhald.
Den veldig romslege baren viste fram originale kulehol i både veggar og tak rett over hovuda våre der vi sat og åt bøffelburgar med french fries eller sweet potato fries og andre godsaker. Bøffel er forbløffande godt.
Og, ja, vi veit at det ikkje heter bøffel, eigentleg. Bison er rette namnet. Men når alle seier bøffel, så …
Men på Vermejo Ranch held dei seg til rett terminologi. Denne kjemperanchen som magnaten Ted Turner både eig og driv til beste for utvikling av bøffel-bestanden, har idag 1500 bøfflar drivande rundt på prærien. Fascinerande korleis dei tek vare på denne bestanden av genetisk reine dyr. Idag var ein stor flokk av dei inn til årleg sjekk. Langvarig arbeid med hest og ATV for å samle flokkane frå fjella og prærieslettene. Så vert dei slusa inn, ein og ein, til dei er låste i ein bås der det vert gjort vaksinasjon og sjekka graviditetstest, vekt m.m. Alt gjort unna på litt over eit minutt pr dyr.
Så er det i vilt trav langt ut på prærien igjen så langt unna sivilisasjonen som muleg. Heldigvis er dei vel uvitande om at vi som iakttog dei på nært hald idag, nyleg hadde ein av slektningane deira til lunsj.
Nervane kom elles i høgspenn for fleire på brua over ‘the Rio Grande gorge’. Imponerande, til å ta pusten frå ein stakkar. Og langt der nede susar raftarane forbi sommarstid.