Idag kriblar det i norske magar i Denver, Colorado. Bak oss kneiser Rocky mountains med kvite toppar og blå-grøne lier. Men det er ikkje det same. Noko halar og dreg, og når tanken fyrst er reist om heimlengt og kjøkkenbordet heime og senga mi, då tel ikkje the Rockies lenger.
USA-klassa er klar for å benke seg ved vindauga i Delta sin Airbus 330 aktivt speidande etter ‘dei gamle fjell i syningom’. Nokon ser etter Lofotveggen, andre speidar etter Mjøsa. Men det kan bli lange timar og litt krampe i leggane før vi har lagt bak oss dei 1136 miles til Detroit og vidare dei 3940 til Amsterdam.
Kofferten er full av skitnekle, av Walmart-varer og gåver. Minnebrikkar er fulle av tur-minne. Stemninga i gruppa er like god som på heile turen. Vi er kvitt det som var av sjukdom undervegs, berre litt air condition-grugg i hals og luftvegar.
Gjennom 23 dagar på tur har mykje hendt og mange er forandra. Igår kveld var det tårevåt avskil med våre amerikanske tur-venar Jim og Carl. «We will remember you always.»
Men no er det «I wanna go home» og «strikkelue-landet, here we come!»
Godt det er påskeferie før folkehøgskule-slitet tek til att.