Tekst: Ottar    Foto:Per

Vi har sove her i New York, men dagane vart unekteleg lengre enn nettene. Med avreise frå motellet kl 08 og retur frå Manhatten kl 23, kan nokon kvar rekne det ut.

Snø i formiddag. Men imorgon vender vi nasa mot sør. Håper på eit par grader varmare i Washington DC, dvs opp mot null på dagtid!

Central Park, St Patricks Cathedral og Broadway musicals stod på dagsprogrammet. Somme vandra i den 150  årgamle parken. Men for andre vart det hesten med kjerra som vandra. St Patricks cathedral imponerte. Ikveld var musical night. Med knappe reisebudsjett stilte vi opp kl 2 for å kjøpe restbillettar til halv pris. Det lønte seg. Heftig
begeistra elevar kom for seint heim til å rapportere på bloggen. Meir om det imorgon.