Slogen er 5100 feet over havet. Idag har vi vore 7500 feet o.h. i varmluftballong. Imponerande? (1)
Berre morgonfuglane rakk det, for avreise var kl. halv sju.
Høgt over Albuquerque, over Route 66 og over Rio Grande, kunne vi beundre byen og Sandia-fjellkjeda i det fjerne. Ei unik Albuquerque-erfaring ettersom dette er ein av verdas største med varmluftballongar. Pilotar herifrå var dei fyrste til å krysse både Atlanteren og Stillehavet i varmluftballong. Festivalen i oktober skal vere ‘unforgettable’ med over 500 ballongar i lufta samtidig.
Kjøleg morgon med stabile vindar, i ulike retningar, i ulik høgde over jorda, gir sjanse til å fly både fram og attende.
Ideell måte å unngå morgonrushet på. Og å overvake trafikken, om vi var trafikk-politi. Vi berre kosa oss med utsikta og opplevinga. Og etter tradisjonen, vel nede igjen, skålar dei overlevande i Farris.
(1) Kanskje det må nemnast at Albuquerque ligg på 51oo feet.