Lengst aust i Missouri, ved Mississippi, ligg den søvnig småbyen Hannibal. Her var eit travelt knutepunkt den tida elvetrafikken på Missisippi-elva var på høgde. Idag er turistane viktigare enn elvebåtane. Og den store turistmagneten no er byen sin største son: Mark Twain.
Her budde personane som har blitt karakterar i bøkene hans. Tom Sawyer og Huckleberry Finn og Indian Joe har alle historiske personar som førelegg. Huset til tante Polly står der. Vi vandra gjennom sandsteinsgrottene som gutane leika i. Og vi kunne sjå over til Treasure Island som mange eventyr utspelte seg på.
Sterk vind hindra hjuldamparen å legge ut på elva med oss idag. Men Mark Twain dukka opp i eigen høge person, kledd i sin karakteristiske kvite dress og røla og fortalde på sin karakteristiske måte i det vide og det breie slik vi kjenner han frå bøkene. Ikkje vanskeleg å drøyme seg attende til sutalause, late, frie og eventyrfylte gutedagar slik dei kunne arte seg like godt her ved Mississippi som heime i gamle Noreg, men då i eit heilt annleis miljø.