Bad i Atlanterhavet før frukost, palmetre rett utfor verandaen, alligatorar i bakgården, rakettutskytingsbase på andre sida av hagegjerdet – ja, du gjetta rett: Vi er i Florida. På Cocoa Beach. I Cape Canaveral-distriktet. 21 grader i havet og 28 i lufta.
Denne dagen tok oss lenger inn i Florida. Flatt og sand så langt augo rekk. Første stopp var den gamle byen St Augustin. Faktisk eldste etablerte busetning på dette kontinentet. Sett frå kvite si side vel og merke. Conquistador-festning og gamal spansk busetnad kunne setje fantasien attende til gamle byar i Spania.
Men enno meir lokka Atlanterhavet. Kor godt å sjå att sjøen etter to veker i innlandet! Vi tok ein dukkert på direkten. Og det var jamen deiligare enn venta. Ja, 21 grader.
No ser vi fram til Kennedy Space Center og rakettutskytingsbasen på Cape Canaveral og skydiving frå 18.000 fot. Nokon betre?
Om tre dagar går turen til andre sida av Florida. Skal sjekke om badetemperaturane er like bra der.
Stay on this channel, så får du vite korleis det gjekk.