Frå Kennedy Space Center til Skydive Space Center. USA-klassa oppeheld seg stadig i space-området i Florida. Og dette er kanskje det næraste vi kjem himmelen. Idag var vi der. 18 000 fot er ikkje langt unna 6000 m. «World’s highest freefall skydive», reklamerer fallskjerm-stasjonen her med.
Det gjekk i ei viss fart, opp til 115 mhp, dvs 184 km/t. Skrekkeleg bra. Bileta nedanfor avslører vel kor dei kosar seg! Eller som ein av instruktørane sa det: «You have accomplished what only a handful dare to dream and what only the elite few successfully complete!”