Husa er høgare, porsjonane større, folk travlegare, trafikken heftigare, politifolka fleire og drosjene gulare enn dei fleste stadar i verda.

1-IMG_6908

Ikkje til å unngå at ein blir stiv i nakken av å skulle betrakte alt som reiser seg mot himmelen her på øya. Med ein god porsjon i magen av  amerikanske pannekaker med smør, sirup og bacon traska vi dagen til ende opp og ned avenyar og streets.

Med Ottar som bjellesau og Per som fårehund, losa vi heile gjengen trygt gjennom vrimmelen både gatelangs og underground og på sjøen med. Shoppinga er enno minimal. Opplevingane og stemninga maksimal. Sjølv om temperaturen er langt under komfort-sona, særleg for dei med converse-sko. I gårkveld var vi nede i 20 gr F. Men i
Amerika er livet herleg uansett temperatur og travelhet.

1-IMG_6987