Memphis har fleire store søner. Men størst er vel Kongen. I alle fall over Rock-and-Roll. Elvis skapte musikkhistorie. Som ein har sagt: Ein svart songar si stemme i ein kvit person. Den syntesen av negro spirituals og blues har sine røter på slavemarkene og i dei svarte kyrkjene. Av desse røtene forma Elvis den musikkstilen som vart 1950-tals-ungdomen si merkevare og som skapte den fyrste store generasjons-konflikten i etterkrigstida.
Somme vil hevde at idag er Elvis meir levande enn nokon gong. Ein kan lure når ein ser kor mange som idag strøymer til Graceland, eigedomen han kjøpte til seg og stor-familien sin og der han hadde heim.
Idag inntok vi denne berømte staden der det runga Elvistonar ut av høgtalarar i alle rom, der både familie-livet og musikk-suksessane var framstilte.
Kanskje er ikkje Elvis stadig i live, men han tener nok meir pengar idag enn han gjorde så lenge han levde. Og fascinerande var det å vere der. Ikkje berre for Elvis-fan nr 1 i USA-klassa: Camilla. Men også for oss som fekk han inn med morsmjølka, og dei litt yngre som har fått han inn med musikkhistoria.