Missouri Western, eit 101 år gamalt universitet, er iferd med å bli vår nye, gode, akademiske partnar. Det starta i år med ‘shadowing’ som betyr at vi følgde studentar rundt ein halv dag, frå klasse til klasse.
Studentrådet organiserte for oss, og vi fekk med alt ifrå fransk-timar til timar på biologi-laboratoriet.
God erfaring berre å vandre rundt på ein slik kjempestor campus mellom imponerande bygningar og med eit mylder av over 6000 studentar og 500 fulltids-tilsette. Kanskje kome til bake om eit år eller to som student? I alle fall inviterer, sjarmerer og prøver dei sterkt å tiltrekke seg utanlandske studentar.