img_6055_web

Det har gått med astronomiske summar her vi er no. Og staden har blitt ganske speisa. President Kennedy drog igong utbygginga av NASA-istallasjonane for månereiser fyrst på 1960-talet. Kor mange som tok han bokstavleg den gongen, veit vi ikkje. Men det har blitt fleire moon-walkers etter kvart.

Så vi snakkar om Kennedy Space Center, om Cape Canaveral og om Florida.

Vi har tråla rakettar, romferjer, astronautar, utskytingsrampar, enorme beltevogner som fraktar ferddigbygde rakettar til rampen osb heile dagen. Og innimellom beina våre har det kravla og kreka alligatorar. I alle grøftekantar og vasspyttar.

Her har dei verdas høgaste 1- etasjes bygg, der rakettane vert bygde. Så unikt at dei fekk eige klima innandørs, og måtte til å styre det.

Vi vart imponerte både over areala og dimensjonane både innandørs og utandørs. Det hjalp også at vi fekk vere med på multimedia-show og utskytings- og landings-simulatorar.

Imorgon skal vi sjølve til vérs. Ikkje heilt til månen. Men 18.000 fot. ‘Stay on this channel.’

img_6015_web img_6020_web img_6024_web img_6027_web img_6031_web img_6032_web img_6033_web img_6035_web img_6036_web img_6037_web img_6040_web img_6050_web img_6057_web img_6061_web img_6062_web img_6063_web img_6064_web img_6066_web img_6071_web img_6076_web img_6079_web