blog_3030

Avstanden frå Nordstrand til Nord-statland er som frå byen til landet. På Nordstrand har Seline (Skumsrud) vokse opp. Ho meiner alle som ikkje er frå Oslo, er bønder. Kathrine (Porsanger Ledang) passar inn i den kategorien. På Nordstatland skole var ho einaste 1.-klassing i sitt årskull. I heile bygda bur det færre enn på internatet på Borg.

Sjøl om Kathrine siste åra har budd i Nord-Trøndelags nest største by (musikklinja på vgs i Namsos), er ho ikkje blitt byjente.

Seline har lagt på hylla både speidar- og fotballkarriere, og er ikkje lenger aktiv i Natur og Ungdom. For teatret har teke all fritida, utanom blogging om mote og livsstil, då. Ho er absolutt open for ei teaterkarriere, men miljøet i fedrelandet er litt for snevert.

Med bass som hovudinstrument og stadige konsertar i klasse- og skole-regi, vart heile livet stort sett berre øving for Kathrine dei siste åra. Lysta til ekstremsportar har førebels blitt undertrykte, men no skal ho i alle fall opp i fallskjemhopp på fredag den 13. i Arizona! Og kanskje litt meir tid til kampsportar som student.

Kva dei har tenkt å bli i livet?
Seline har planar om å bli anten sjukepleiar, førskulelærar eller få jobbe med PR/marketing. Estetiske interesser er vanskeleg å få fullt utløp for i Norge. For lite miljø. Men det kan vel bli nokre studieår i England eller USA?
Kathrine har som må å bli vaksen.

Høgdepunkt på USA-turen?
Kathrine ville eigentleg heller reist til Kina enn til USA. Men når ho fyrst er her, ser ho mest fram til å hoppe i fallskjerm.
Seline gledar seg mest til Grand Canyon, til å snakke med folk på flyet, bussen, gata, i butikken. Og til hip-hop-konserten i Phoenix med Kendrick Lamar and schoolboy Q.

På spørsmål om kjærestar, vert begge jentene flakkande i blikket, så vi konkluderer med at dei nok er ukyssa. Men så insisterer dei på å få legge til for eiga rekning: «Tro ikke alt Ottar skriver.»

blog_2371i

blog_2586i