blog_3032i

To karar frå kvar sin ende av sør-Noreg, med staselege mellomnamn, har funne tonen i USA-klassa. Aleksander (den store) (Graff Larsen) og Mikal (Bang Langballe) representerer det beste i østfoldsk og haugalandsk folkeliv.

Litt for spelegale til å yte sitt beste på vidaregåande og litt skuleleie, enda begge på folkehøgskule.

Mikal hadde vald samfunnsfag med politikk og slikt, men angra til slutt på for lite realfag på timeplanen. Han stemte ved siste stortingsval, men det stemte likevel ikkje. Og når fristen for å søkje på høgare utdanning kom, hadde han ikkje sett eit einaste kryss.

Aleksander har klarare framtidsplanar: Revisjon og rekneskap på BI. Med ny prøve i samfunnsøk II sist haust, har han det som trengst for å kome inn.

For ingen av dei gjorde Ålesund utslaget ved val av folkehøgskule. Mikal vart sett under press av to eldre systre med fhs-erfaring. Sjølv ville han til USA. Og når svaret kom frå Grenland og Borgund, vart han så imponert over heimesida til Borg, at det avgjorde saka. Han har brukt året på å finne ut kva som er reelt og kva som er fiksjon av det amerikaniserte biletet vi har av USA her til lands.

For Aleksander vart det familiekrise då resultatet av samfunnsøk-eksamen kom. Alle planar måtte kansellerast, men mor kom ihug to fettrar som hadde skrytt av folkehøgskuleåret sitt. Sjølv hadde han lyst å reise til USA eller Japan. Grundig research førte han til Borgund. Midtsommars tok det berre 4 timar å få skoleplass. Grundig som han er, fekk Aleksander med seg pappa på ferietur til Vestlandet og prøvde ut Borg Bed & Breakfast, og skolen fekk ståkarakter.

Begge set pris på at USA-turopplegget har vore fast, med god balanse mellom program og fritid. Veldig variert vart det også, frå hipstarar i SF til indianarar i New Mexico. For Mikal var høgdepunktet 13000 fot i fallskjerm, for Alexander 36000 fot over Grønland og 8000 fot i fjellpass i Rockies. Alexander verdset elles Las Vegas, Grand Canyon, Subway, Nesquick sjokomjølk og donuts. Mikal har merka seg kontrasten mellom hektisk 24/7 kultur i storbyane og easy-going livsstil på landet i New Mexico.

Heimturen nærmar seg, og gutane er sett under press for å overta jentene si overvekt. Som for gutar flest er bagasje-vektmarginen deira vesentleg større enn for jentene.

Jentene på si side har tydelege meiningar om dei to. Mikal er ikkje det englebarnet han sjølv reknar seg for. Snilleguten frå Sildabyen er rett og slett ein skapgangster, seier dei. Men forsåvidt også med ei godgut-side. Aleksander verkar normal, men har til tider eit unormalt kroppsspråk. Plutselege ballett-moves kan forekome utan varsel. Han kan virke smart, og har til tider gullkorn på lager.

blog_0579

blog_2687i