Idag drog vi forbi her. Det same gjer Route 66. Og interstate 40. Og den gamle jarnbanen Union Pacific. For 2000 år sidan grunnla Zuni-indianarane ein jordbrukskultur her. Heimar hadde dei på toppen av fjellet. Dette vart til den kjende pueblo-kulturen som er levande den dag idag.
Zuni-folket kalla fjellet Atsinna, ‘der ein skriv på steinen’. Midt på 1400-talet kom spanske konquistadorar og rissa inn sine meldingar i same steinane. Som alle vegfarande mellom aust og vest fann dei her både vern og vatn. Ei oppkome danna ein herleg oase, og ein canyon var vern for både husdyr og andre. Spanjolane gav fjellet namnet El Morro, ‘nasa’ eller ‘neset’.
På 1800-talet hadde kvite amerikanarar slått ut både indianarar, spanjolar og meksikanarar og oppretta staten New Mexico. Då var det soldatane og generalane si tid for å risse meldingar og namn i stein.
Slik kan vi idag lese kulturhistorie her i fjellveggen om dei som for hundrevis av år sidan passerte forbi her. Men vi får beskjed om at viss vi rissar i stein, vert det tusenvis i bot!
Istaden klatra vi til topps på klippe-fjellet. Der er utgravne heimar til zuni-folket frå 1200-talet. Minner om både Herodes sine bygg på toppen av Masada og inca-folket sine lenger sør i Amerika. Vi forsøkte å vise respekt for denne staden som stadig er heilag for pueblo-ane og der dei held sine seremoniar.
Etterpå drog vi til Albuquerque.