Missouri Western State University har også blitt vår gode kompanjong. Imorgon er det møte med studentar. Idag kosa vi oss med deira high tech planetarium. Dette er både for undervisning i astronomi, men også for mange slag underhaldning.
Vi hadde ein tur i berg- og dalbane før vi fekk ein skikkeleg undervisningstime om store sjøuhyre i indre Kansas for ein del million år sidan. Den tida var det amerikanske kontinentet delt i to med ein sjø som strekte seg frå Mexico-gulfen til Alaska. I sandbankane i Kansas har arkeologane siste århundret funne spennande fossil av sjøuhyra. På wide-screen-planetariet vert det fascinerande, men sanneleg også skræmande å få dei stupande ned over seg rett frå himmelen.
Kan anbefalast.