Vi er fullt ut klar over at iflg Wikipedia er «redneck» ein «nedsetjande amerikansk slanguttrykk brukt om fattige, uutdanna, kvite farmarar frå sørstatane i USA». Men det finst vel knapt betre uttrykk for norske, rike, velutdanna, kvite folkehøgskuleelevar frå vestkanten i Norge som har vore på tur i San Francisco-sola i to-tre dagar utan å bruke solkrem og som ser slik ut som representanten på dette biletet.
Den kvite stripa etter snora på kamera-veska fungerer berre som dekorasjon.
Korleis det skal gå i dei 30 gradene som er meldt i Phoenix, må vi berre overlate til fantasien å spekulere på. Men tida vil vise, om ca ei veke.