Jambo!
Då er det berre tre små dagar til me reiser ut på vår store reise til Afrika. Alle er spente på turen, og me gleder oss utruleg mykje. I dag hadde klassen litt kvalitetstid saman. Gutane diska opp med deilig pizza, og iskrem og brownies til dessert. Dette naut me sidan me er usikre på kva som ventar oss der nede. Uansett er me klare og opne for alt som kjem oss i møte!
Som sagt er me veldig spente og gira på å endeleg få ein pause frå kulden i nord, og oppleve ein anna kultur, spanande dyreliv og danne minner for livet i det kontrastrike Afrika!