1-IMG_7391

 Bad i Atlanterhavet før frukost, palmetre rett utfor verandaen, alligatorar i bakgården, rakettutskytingsbase på andre sida av hagegjerdet – ja, du gjetta nok rett: Vi er i Florida. I Cape Canaveral-distriktet. 21 grader i havet og enno meir i lufta.

Eit munnhell er at Florida er berre pensjonistar og alligatorar. Det er berre nesten rett. Men talet på begge rasene har vakse veldig siste åra. Så det er innført jaktløyve. Og vi kan av eigen erfaring bekrefte at dei er fortreffelege til middag. Alligatorane, altså.

Men her er astronautar også. Og raketter og space shuttle. Og idag skal vi på NASA-besøk. Imorgon skal vi hoppe i fallskjerm frå høgder dei andre Borg-klassene berre kjenner av omtale. Så skal vi besøke alligatorane med luftvifte-båt.
Stay on this channel, så får du vite korleis det gjekk.

1-IMG_7389
Pensioner Paradise