Vi har verkeleg kome til sørstatane. Dialekta er breiare, og det er rikeleg av ‘southern hospitality’. Folket er både gjestfritt og svært imøtekomande. Vi har farta rundt mellom dei låge åsane og skogane i Tennessee, men svingar sørover før vi møter Smokey Mountains.
Her har folkemusikken klinge i generasjonar. Her ligg hillbilly-låtane i grunnen. Her har gospel-tonar hatt sin debut. Det har blitt til det vi idag kjenner som rock and roll, blues, country og gospel. Frå Beale Street i Memphis til Grand Ole Opry i Nashville handlar det om Elvis Presley, Johnny Cash, Carl Perkins, Jerry Lee Lewis, Roy Orbison og Dolly Parton. I Nashvilles Hall of Fame fann vi dei alle.
Elevane har idag traska rundt i Nashville. Mange var innom Johnny Cash-museet og Country Music Hall Of Fame. Somme kika innom ‘Boots and Hats’-butikkar. Og dei fleste var innom ein og annan saloon på Broadway der det vert spelt live country musikk kontinuerleg både dag og natt.
Imorgon er det ‘on the road again’. Då peikar nasen rett sørover. Fyrst eit par dagar i Alabama der Rosa Parks og Martin Luther King og Ku Klux Klan har hatt sine oppgjer og gjort stadar som Montgomery og Selma verdsberømte. Meir om det etter kvart.