Tekst: Ingelin Jørgenvik
Me reiste avgårde frå Sariko senteret i Arusha morgenen 07.april. To safaribilar venta på oss, 7 og 7 jenter satt seg i kvar av dei. Ette ein lang tur ankom me Ngorongoro krateret.
Mange bilde blei knipsa ved utkikkspunktet som gav ein heilt fantastisk nydelig utsikt, men det skulle vise seg å bli enda fleire da me kom ned i sjølve krateret. Dyr var å se over alt. Zebra, gnu, flodhest, giselle, impala, ein liten løveflokk, giraff, elefant, flamingo og mange andre ulike fugle arta. Frå Ngorongoro krateret reiste me videre til Serengeti nasjonalpark. Den er heftig stor og me holdt oss i det såkalla «sentral Serengeti» området.
Campen bydde på to veldig kjekke overnattinger i små tomannstelt og den mest smakfulle maten me har fått så langt på reisen. Det var ein blanding av skummelt og spennande å høra alle dyrelydane om nettene. Me hadde verken vakter eller gjerde på campen, og det skapte ein råhet over det heile. Den andre natta hadde ein løveflokk vert inne på området for å drikke vann. Dei som la seg sist hadde sett ein flodhest flokk vagge forbi for å finne ny sump. Litt kult å tenke på. På heimreise dagen 09.april stod alle ekstra tidlig opp for å få et par tima med morgen safari. Super spennande.
Grunna kondens i graset, fekk me sjå ei løvinne som spaserte rett forbi bilen, og ein svær Hyene flokk og majestetiske elefantar langs veien. Me har kost oss kjempemasse som turistar i Tanzania, og har vert kjempeheldige med overnatting, mat, dyr, safaribilar og sjoførar.