USA-klassa sparka jetlag’n rett ut. Klart ingen kan legge seg tidleg når ein er på bytur!
Vi landa kl halv to på Newark og rakk berre så vidt å parkere koffertane før vi slengde oss på Manhatten-bussen.
Så hang vi heile ettermiddagen og kvelden på og rundt Times Square, sugde inn Manhatten-stemning og betrakta metropolen i kveldslys frå toppen av Rockefeller-senteret.
No skal alle sjå-verdige sights oppsøkjast og mange dollar sviast av før vi set oss på Silver Meteor Amtrak Line sørover mot Florida med stopp undervegs i Washington, Sør-Carolina og Georgia.
Fylg med, fylg med!