…. duger helten ikkje. Og idag var vi verkeleg slike heltar. Ei fantastisk italiensk-amerikansk dame, Lory, hadde baka og koka og steikt 0g stellt i over ei veke til vi skulle kome. Både studentar og vertsfamiliar var inviterte. Heile huset var gjort om til matsal. Kokka ausa opp varmrett til alle, husbond Larry skjenka drikke, og heile flokken dreiv rundt i hus og hage og nippa og nappa til hamburgarfat, sandwich-haugar, salat-dungar, overdådige samlingar med salatmiks, kaker, kjeks, dessertar og ikkje-veit-vi-kva-det-var-alt-saman.
Vårt bidrag vart ei lokal tolking av eventyret om dei tre bukkane bruse. Den lokale avis-redaktøren spela trollet, journalistar, bønder og studentar hadde roller som vart tolka til dels nyskapande. Etterpå diskuterte vi moralen i stykket.
Stas.