Tekst og bilete: Anne Marte
Hanen galar og det er på tide å stå opp til ein ny, spennande dag her i Chanchamayo. I dag skal vi besøke eit fossefall lenger nede i Perené-dalen!
Vi har blitt tatt veldig godt imot på trivselssenteret «El buen samaritano», og vi har begynt å komme inn i rutinene med å drikke nok vatn, smøre oss med solkrem og alltid ha med myggspray.
Første dagen kjøpte vi masse spennande frukt på det lokale, omreisande markedet – og vi utforskar nye smakar kvar dag. Peruansk mat er i verdensklasse!
Distriktet vi bor i har ei urbefolkning som heiter Ashaninka. Vi har dansa, lært litt om historia deira og kjøpt produkt som dei lagar.
Ellers hadde vi en kjempefin dag på en kaffifarm. Vi blir tatt imot som familie, og når det er fest blir det laga tradisjonsmat som heiter «Pachamanca» som betyr hol i jorda, og maten blei laga i kokegrop. Ubeskrivelige smakar og kjempestemning!
Vi fekk også prøve oss som kaffeplukkarar, og vi lærte meir om den lange og harde prosessen det er fra planting til innhausting.
Peru er eitt av dei landa i verda som har blitt hardast ramma av pandemien, og denne veka åpna skulane igjen for første gang på to år. Det var derfor ekstra kjekt å besøke prosjektet «Compassion» i Filadelfiakirka, der vi leika med barna i prosjektet. Karl får ekstra masse oppmerksomhet fordi han er 1,98 høg, og det er jo tidenes klatrestativ!
Vi har hatt kveldssamlingar om muligheter i livet, og kva lykke er. Ein ting er sikkert: Vi er rike på opplevingar og er takknemlige for at vi får muligheten til å bli kjent med folk og land. Vi likar Peru og gler oss til fortsettelsen.